Veke 14

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Oppstått er Jesus, hurra, hurra! Han lever, han lever, han lever nå!” (Margareta Melin)

n

Korset har ein horisontal og ein vertikal planke. Det har nesten form som eit plussteikn. (+) Korset er Guds plussteikn for alle menneske. Jesus døde for deg og meg på korset. Korset opnar vegen tilbake til fellesskap med Gud. Ein døde for alle.

n

Men dersom historia sluttar med Jesu død, er det likevel lite håp om evig liv og siger over døden. Utan oppstandelsen på 1. påskedag vert den kristne trua ei død tru utan kraft. Oppstandelsen er beviset på at Jesus vann over dødskreftene ved sin død på Golgata. ”Det er fullført,” var Jesu siste ord på korset. Kva var fullført? Oppdraget til Jesus var å skape fred og fullkomme fellesskap mellom Gud og menneske. Det er derfor ikkje tilfeldig at Jesu første ord til disiplane etter oppstandelsen er ”Fred vere med dykk!” Fred med Gud er eit faktum, og i kraft av Jesu oppstandelse kan vi og oppstå til evig liv og fullkomme fellesskap med Gud i eit nytt liv etter døden.

n

Og du kan erfare oppstandelseskrafta i dag, i det livet du lever her i verda! La ikkje vantru få sigra i livet ditt. Ta eit steg i tru i dag. I kvar ny dag som du får oppleve, er det ein person som står klar til å vere med deg gjennom dagen; den oppstadne frelsar. Kvar dag her på jorda inneheld mykje som du kan velje å møte enten i grava si ”mismots-ånd” eller i krafta av oppstandelsen. Vel oppstandelseskrafta, og gravlegg vantru og mismots ånd!

n

Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle. (Ef. 1, 17 – 23)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *