Veke 16

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Heime på Tysse, der eg vaks opp, er det mange bratte lier og høge fjell. Eg var ofte på tur oppover i fjella, og utsikten over Samnangerfjorden er upåklageleg når ein kjem eit stykke opp i lia. På veg opp til ein plass som vi kalla Smådalen, var det laga til ein kvileplass, med ein steinbenk til å sitje på, midt oppe i lia. Denne plassen kalla vi Sjåheim. Sjåheim var sjeldan målet for turen, men likevel ein veldig viktig plass å stoppe på undervegs. Her kunne eg kvile kroppen, ta ein sjokoladebit og hente inspirasjon i den flotte utsikten over bygda og heimen som låg der nede.

n

Jesus minner oss om at det finst åndelege rasteplasser undervegs i livsvandringa. Plassar der vi kan finne kvile, hente inspirasjon og få nye krefter. I dag vil eg minne om ein slik plass. Ta ein stopp her, og kjenn at livet ikkje berre tappar ein for krefter, men også gir nye krefter.

n

Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! (Matt. 11, 28)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *