Veke 23

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

På heimesidene til Norkirken Nordhordland kan du finne forskjellig viktig informasjon. Her finn du for eksempel semesterplan, og du kan laste ned ein bønekalender. Bønekalenderen er ein fin ressurs å ta med seg, enten den ligg i Bibelen, i andaktsboka på kjøkkenbordet eller i hanskerommet når du reiser på bilferie. 

n

I bønekalenderen finn du, i tillegg til forslag på konkrete bøneemne, eit dagleg bibelord. Og her er mange gullkorn å finne. I dag, på den 11. dagen i månaden, kan vi lese nokre utfordrande og tankevekkande ord frå Johannes evangelium. Ord om eit oppdrag. Løfterike ord. Og eit påbodsord.

n

”De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre.” (Joh. 15, 16 – 17) 

n

Det er ikkje så vanleg å finne skilt om påboden kjærleik rundt omkring på offentlege plassar. Kardemommeby er sjølvsagt eit unntak. ”Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.”

Jesus taler om å gjere Det Far vil. Faderens vilje er i sentrum. Vi har nok ofte ein hang etter å følgje vår eigen sterke vilje framfor Faderens vilje. Løftet i dagens ord er knytt opp mot eit liv som er overgitt til kall, teneste og kjærleik. Dette gjer vi klokt i å tenkje over, også i dei daglege prioriteringane i kvardagsliva våre.

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *