Veke 24

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

I går kveld hadde vi gruppeleiarsamling. Ei fantastisk flott samling, med fantastiske medarbeidarar! Ja, dei beste medarbeidarar ein kan tenkje seg til å leie husgruppene i fellesskapet! Og vi gleda oss saman over alt det positive og gode som skjer rundt omkring i gruppene. Og det er svært mykje å gleda seg over! Takk til dykk alle som tar del i fellesskapet. De er alle verdifulle medarbeidarar i Guds rike! Eg er takksam og veldig inspirert og glad i dag!

n

Og midt i gleda over kvarandre, kva er det så vi er samla om, både på gruppeleiarsamling og i gruppene? Dette er vårt fokus: Vår Herre Jesu Kristi nåde, Gud vår Fars kjærleik, og Den Heilage Andes samfunn – midt iblant oss! Gud er her til stades. Han deler fellesskap med oss. Han er uendeleg stor. Han har all makt i himmel og på jord! Det er ingen grenser for hans kjærleik og omsorg. Hendene hans kan omslutte alle! Og Hans kraft og styrke er utanfor vår fantasi av kva som er mogeleg. Gud er Gud, og Han skal ein dag vise seg som sigerherre over alle makter og myndigheiter. 

n

Så er dette den største grunn til glede, inspirasjon og entusiasme: Gud er midt iblant oss. Vi står saman i teneste for den høgste Gud! Han deler fellesskap med menneske, og vi får vere med på det Han gjer. Slepp gleda laus, folkens! 

n

Det er ein gammal song av Per Olof Karlsson som i går og i dag har tona i mitt indre: ”Han er Herre, Jesus er Herre, allmektig Fader og Gud. Han er Herre, Jesus er Herre. Han skal regjere til slutt. Hør hans røst taler fred som ei finnes på jord. Vent på han. Tro hans ord. Han skal regjere til slutt!”

”Difor har òg Gud opphøgt han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn. I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, Gud vår Far til ære!”
(Fil. 2, 9 – 11)

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *