Veke 33

Guds rike på frammarsj!

n

Når ein gullsmed skal undersøkje ein diamant, vert diamanten ofte lagt på eit svart underlag av fløyel. Dette gjer han for at glansen og kvaliteten i diamanten skal verte tydeleg. Her kan vi tenkje oss ei overført meining til det kristne fellesskapet. Dei mørke forholda i verda kan vere eit bakteppe for menigheten, der Guds rike kan få verke med strålande glans og kraft.

n

Likninga om surdeigen illustrerer den umerkelege, men overveldande innflytelsen Guds rike har i ein kvar situasjon det slepp til. Gjennom historia har vi sett at Gud elsker å demonstrere sitt rike i dei mørkaste omstende og situasjoner ein kan tenkje seg. 

n

Bill Johnson skriv om dette i boka “Når himmelen inntar jorden.”
“For at massiv verdensvid vekkelse skal nå sitt dominerende potensial, må den bli tatt utenfor menighetens fire vegger og satt inn på markedsplassen. Invader stille, kraftfullt, besluttsomt gjennom å tjene, og når du støter på en person med et umulig problem, så la han få vite at himmelens virkelighet er innen rekkevidde!” (Bill Johnson)

n

Kanskje er det dette Jesus taler om, litt gåtefullt, når han skildrar surdeigens gjennomgripande verknad:

n

“Kva skal eg likna Guds rike med? Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.” (Luk. 13, 20 — 21)

n

Ein liten surdeig som gjennomsyrer 36 liter mjøl…

n

Dette skaper forventning i meg. Forventning om at Guds rike har ekspansjonskraft i seg sjølv! Det bryt fram over alt! Men nokon må vere med å setje i gang prosessen. Og det oppdraget har Jesus gitt til menigheten. Det betyr oss; deg og meg:-)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *