Veke 34

Er det nødvendig med etterfylling i det åndelege livet? Treng vi åndeleg påfylling i kvardagen? Eg trur det. Kvifor? Fordi vi lek. Dagleg samfunn med Jesus er nødvendig for at ikkje det åndelege livet skal turka inn. I alle fall er det slik for meg. 

n

I sommar var eg på Oase i Fredrikstad. Det vart nokre gode dagar med åndeleg påfyll. Og i etterkant har eg høyrd på taler og undervisning som eg ikkje fekk med meg der og då. Eit av seminara handla om bøn. Om å vere saman med Jesus i kvardagen. I motgang og i medgang. Dette vart til ny inspirasjon for meg i mitt daglege åndelege liv. Det vart liksom ikkje så vanskeleg å få det til. 

n

Same dagen gjekk Jesus ut av huset og sette seg nede ved sjøen. (Matt. 13, 1)Slik er innleiinga til det 13. kapitlet i Matteus evangeliet. Jesus starta dagen med dette eine for auga: Å gå ut for å setje seg ned. Kor ofte tar eg tid til å følgje hans eksempel her? Eg har prøvd det i det siste, og det fungerer! Det er eigentleg enkelt, og samtidig er det vanskeleg. Vanskeleg, fordi det er så lett å tenkje: “Er dette nyttig? Er dette effektivt?” 

n

Jesus tok tid til å setje seg ned og vere stille. I ørkenen og i fjellet langt borte frå folk. Men også midt i det yrande folkelivet langs Genesaretsjøen. Begge deler. I eit stille, lyttande samfunn med Far sin. Og full av påfyll vart han til ei kjelde av liv for alt folket som strøymde til for å møte han. Og når standa vart full av folk, flytta han seg ut i ein båt, sette seg på nytt ned, og så tala han til dei. Lenge! 

n

Vi treng å lære at Gud kan møte oss og tale til oss akkurat der vi er. Vi må slutte å tru at liv med Gud berre finn stad når vi får rydde alle folk unna, lukke døra ut til samfunnet, og er åleine for oss sjølv. Det er faktisk ein god idé å gå ut av huset, utan å ha alle travle gjeremål i sikte, og berre ha dette eine som mål: Å vere tilgjengeleg for fellesskap med Gud og med menneske. I dette skjeringspunktet kan påfyllet eg sjølv får i stilla med Gud flyte som ei elv vidare til dei menneske som eg møter i kvardagen min.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *