Veke 35

Sterk tru, kva er det?

n

Trua kan så lett bli innovervendt, mot meg sjølv, mot mine eigne prestasjoner i å vere sterk i trua. Ei slik tru kan ofte gjere meg motlaus, og eg vert lett kritisk og vurderande. Trur eg nok? Er eg sterk nok i trua? Er eg gjennomført heilstøypt, udelt og harmonisk i truslivet mitt?

n

Eg har funne ut at den sterke trua er i mindre grad fokusert innover mot meg sjølv. Den som er sterk i trua er ikkje så opptatt av seg sjølv, men er derimot veldig fokusert og opptatt av Gud. Då kan trua bli sterk, i rett forstand. Når alle dei mange løftene frå Gud får plass i tanken og sinnet mitt, kan trua på Gud byggjast sterk i meg. Og det er Gud som skaper denne trua i meg, ved Den Heilage Ande. 

n

“Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.” Slik står det i Hebrearane kapittel 13 vers 5. 

n

Eg såg ein spennande film her om dagen. Det handla om ein profesjonell livreddar. I ei av scenene i filmen fekk vi sjå korleis livreddaren heldt eit fast tak i ein hjelpelaus mann, som ikkje på nokon måte klarte å halda fast grep sjølv. Han var overgitt til livreddaren sin styrke. Og livreddaren ropte overbevisande til mannen: “Eg slepper deg ikkje.” 

n

Her finn eg nøkkelen til eit ankerfeste for trua mi: Gud slepper aldri taket i meg. Han gir meg aldri opp. Han held meg fast. Også når eg sjølv kan glippe og sleppe taket. 

n

Ein skuleelev har skrive nokre linjer om dette:

n

“En gang bar jeg troen. Holdt den fast med anspent hånd. Viste den fram som noe jeg eide. Talte om den som en sak. Inntil jeg mistet grepet. Og skjønte at tro er ikke å mene, men å leve i Guds mening. Tro er ikke å ha funnet, men å være funnet og i samfunn med Kristus. Nå bærer troen meg.”

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *