Veke 36

Tilflukt i evige armar

n

Sjå bilete for deg: To utstrekte armar. Inviterande armar. Beskyttande, med kjærleg omsorg. Kanskje eit barndomsminne? Far eller mor? Eller du tenkjer på ein god ven? Kanskje ein kjæraste eller ektefellen din? Det kan vere mange som passar i den rollen. Men mest av alt: Slik er din himmelske Far!

n

Det er få ting som er viktigare for meg som menneske enn vissa om ein plass der eg kan søkje tilflukt. Ein kvileplass. Ein fredfull hamn. Ein plass der eg kan gøyme meg. Ein plass der ingen kan skade meg, fysisk eller mentalt. 

n

Kanskje du skulle prøve å sei til deg sjølv i dag: “Han er mi tilflukt.” Sei det om att, heilt til det når botnen i sjela di. Til du er sikker. Til frykt har bytta plass med glede og jubel. Tilflukt i evige armar.

n

“Ein bustad er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar.”
(5. Mos. 33, 27)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *