Veke 38

Jesus — gourmet i særklasse.

n

Det må ha gått eit lys opp for Peter, den dagen då han kom med følgjande utsagn til Jesus: “Du har det evige livs ord.” (Joh. 6, 68) Peter kom med desse orda etter at mange av dei som følgde Jesus hadde trekt seg unna, nettopp på grunn av ord. “Dette er harde ord, kven kan høyra på slikt?” (Joh. 6, 60)

n

Jesus hadde nettopp undervist om himmelsk mat som varer evig, og om jordisk mat som forgår og vert brukt opp. Alt dette kan vi lesa om i det 6. kapitlet i Johannes evangelium. “Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som menneskesonen skal gje dykk.” (v. 27) “Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.” (v. 33) Det høyrest ut som om Jesus talar i åndelege bilete, eller? Men utover i kapitlet blir Jesus meir og meir konkret. Han seier om seg sjølv: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta.” (v. 35)

n

Kva slags rettar av evig kvalitet er det eigentleg Jesus tilbyr? Svaret er: Han byr faktisk på seg sjølv! “Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.” (v. 51) 

n

Fellesskap med Jesus. Livsfellesskap. Peter hadde oppdaga løyndomen. Jesus var nøkkelen til evig liv. Livsfellesskap med Jesus sprengjer dødens grenser. Jesus gir oss tilgang på mat og drikke som aldri vert brukt opp og forgår. I nattverden får vi ta del i eit himmelsk nådemåltid som sprengjer alle fantasiser og grenser. Alltid nok! Nok til evig liv!

n

“For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh. 6, 40)

n

Då har eg ei oppfordring til deg i dag: SJÅ og TRU! Og gå frimodig til bords når du vert innvitert til å ta del i Herrens måltid. 🙂

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *