Veke 39

Eit passord for framtida

n

Denne veka kunne vi lesa om astronomar som var “heilt i skyene” over funnet av ein til no ukjend planet, Gliese, der det heilt sikkert ville vera muleg for menneske å leva og bu. Med normaltemperatur på 30 grader ville ein korkje koke eller fryse. “På tide, når kan vi flytte?” var ein av kommentarane til “the good news.” Eit par små skjær i sjøen gjer at eg framleis har beina godt planta på jorda. Planeten ligg 20 lysår borte, og i motsetning til jorda, snurrar den ikkje rundt sin eigen akse. Det betyr at på den eine sida av planeten er det konstant dag, og på den andre sida er det konstant natt. I grunn praktisk med litt rotasjon, spør du meg:-)

n

“Ja, så seier Herren, som skapte himmelen, han, den einaste Gud, som laga og forma jorda og gjorde hennar grunnvollar faste, som ikkje skapte henne til eit audn, men laga henne til bustad for folk: Eg er Herren, og ingen annan.” (Jes. 45, 18)

n

Det er ganske flott å tenkje på korleis Gud, skaparen av himmel og jord, har lagt alt til rette for oss her på planeten Jorda. Og samtidig har Herren ein stor evakueringsplan for menneska som bur på jorda. I Bibelen blir det tala om ein ny himmel og ei ny jord. Og Jesus taler om etableringa av ein ny og betre plass for menneska å leva og bu på. 

n

Tilbake til Jesaja kapittel 45 kan vi lese vidare om korleis Gud sjølv uttrykkjer seg om dette: “Utan meg er det ingen Gud; det finst ingen annan rettferdig og frelsande Gud. Vend deg til meg og få frelse, heile du vide jord! For eg er Gud og ingen annan. Om meg skal dei seia: Berre hjå Herren er frelse og styrke.” 

n

Eg tenkjer det er like greitt at slike store evakueringsprosjekt er overlate til Gud. Det ville fort bli ugreie og problem dersom menneske, med avgrensa kunnskap og styrke, skulle få ansvaret for dette.

n

Vi treng likevel å førebu oss litt. Vi treng eit passord. Apostelen Peter gir oss dette passordet, heilt gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I Apostelgjerningane kapittel 4 kan vi lese: “Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelst ved.” Kjenner du passordet? Namnet er “JESUS.”

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *