Veke 44

Lys i mørketid

n

“For om ein lem lid, så lid alle dei andre med.”
(1. Kor. 12, 26)

n

November er månaden då stadig fleire kyrkjelydar og forsamlingar markerer “Søndag for forfulgte kristne.” Ein skulle ønskje at talet på forfølgde gjekk ned, men diverre ser det ut til å vere motsatt. Ein anslår at rundt 200 millionar menneske, i større og mindre grad, vert forfølgde for trua si på Jesus. Det er ein høg prosent av den kristne familien vår.

n

Kva kan vi gjere? Vi kan snakke om det, og løfte dette emnet fram i fellesskapet. Og vi kan støtte dei organisasjonar, som særleg arbeider for forfølgde kristne, med økonomiske midlar. Og ikkje minst, vi kan BE for dei! Og det er oppfordringa mi ved inngangen til denne første helga i november: Lat oss huske på, og be for, alle som blir forfølgde. 

n

November er den mørke månaden i året. Alt i naturen går mot mørketid denne månaden. La oss tenne bønnelys i november for dei av våre søsken som lever på åndelege mørke plasser på jorda. 

n

“Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei. Og tenk på dei som vert pinte og plaga; de har då ein lekam, de og.” (Hebr. 13, 3)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *