Veke 47

Tid for lys

n

Det er første søndag i advent denne helga. Lysestakar vert funne fram, og støvet vert pussa av utebelysninga som har vore 11 månader til lagring på loftet eller i kjellaren. No skal hus og hagar lysast opp, og byen er klar for årets lysfest. 

n

Lys i desember er ein fin ting. Vi liker å tenne lys i mørketid. Lys til glede og håp. Det tindrar litt ekstra i augo til både vaksne og born når støpselet vert kopla i stikkontakten i garasjen, og prydbusken i hagen på ny kjem til sin rett, midt på mørkaste, kaldaste vinteren. 

n

Om ein berre har lys, kan ein gjere det ein har lyst til, om det så skulle vere å ta ein tur rundt Storeknappen, midt på svarte natta. Eg høyrde om eit kreativt ektepar som gjorde nettopp det her om kvelden. Med lykt på hovudet. Det kallar eg livsglede! 

n

Jesus heldt mange gode talar til folk. Han var ein ekspert på å bruke gode bilete og ordspel. Ein gong sa han dette: “Eg er lyset i verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.” (Joh. 8, 12) Skulle nesten tru han hadde vore ute med lykt ei mørk vinternatt i dei norske skogar. 

n

Det er lett å gå seg vill i åndeleg mørke i ei tid med åndeleg villfarande mangfald. Skal vi tru Jesus, er han ein “bankers.” “Lyset i verda” og “livsens lys” er store og ambisiøse ord. I alle fall for eit menneske. Om ikkje han skulle vera Gud då…

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *