Veke 49

Jul i sikte, har du blikket på rett plass?

n

Vi er midt i adventstida. Komme, eller ankomst, som ordet advent betyr. Vi førebur Jesu komme, Jesu ankomst. Og vi venter på kongen som skal komme. Vi omgir oss med glitter og stas, handel og mas. Og vi ser etter det som glitrar og skin, både blant ting og tang, og menneske.

n

Jesus kom til jorda på ein nokså uglitrande måte. Ein stall. Høy, halm og trau til krybbe. Kongekrybbe. Kongeseng. Nokre fattige hyrdar kom innom stallen, såg kongen, og trudde. 

n

Palmesøndag. Kongen rir inn i Jerusalem. Ikkje på ein majestetisk, kneisande stridshest. Nei, på ein eselfole. Symbolikken frå Betlehem gjentek seg. Eit esel, det minst kongelege framkomstmiddel ein kunne tenkje seg på den tida. Ein stor konge, i forkledning. Folket såg han, hylla han og trudde. Men berre nokre få dagar i ei kort veke. 

n

Langfredag. Ein konge vert framstilt for folket. Forslått, blodig og utan klede. Slepande på ein bjelke gjennom gatene i Jerusalem. Hengt opp på eit kors. ”Kvar er kongen som vi har venta på? Vi burde skjønt det på palmesøndag. Då han kom ridande på eit esel….” Vantrua sigra. Dei ytre rammene vart for grelle og kontrastane for store. Kongen vart til slutt for ynkelege og fråstøytande. 

n

Jesus kjem til oss. Kvar dag. Ser vi han? Ser vi på rett plass? Kjenner vi han igjen? Han vil heilt sikkert halde sin lovnader, også denne jula. Han tar nemleg bustad blant menneske som ser han og trur.

n

”Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.” (Joh. 1, 9 – 12)

n

Det er enno nokre dagar til jul. La oss bruke dagane godt, og sjå etter det store, ikkje berre blant glitter og stas og alt det flotte og prangande, men også blant det grelle og låge.

n

”Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole!” (Joh. 12, 15)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *