Veke 5

Ord og liv.

n

Det er betraktelig lettare å gå gjennom opne dører enn stengte dører. Eg har ein gong prøvd å gå gjennom ei stengd glasdør, og det var ikkje særleg behagelig. For å sei det slik, det vart bråstopp.… 

n

Paulus bruker uttrykket ”open dør” om arbeidet med å forkynne evangeliet. ”Då eg kom til Troas og skulle forkynna Kristi evangelium, fann eg ei open dør i arbeidet mitt for Herren.” (2. Kor. 2, 12) 

n

Vi treng å sjå etter dei opne dørene. Og vi kan be Herren vise oss desse. Kvar skal vi setje inn kreftene? Og kvar skal vi bruke tid og ressursar i arbeidet med å forkynne evangeliet? Kven er det som er opne for å ta imot evangeliet? Kor tid skal vi bruke ord, og kor tid skal vi la vere? 

n

Vi skal sjå etter, og bruke etter beste evne, alle opningar for å forkynne evangeliet med ord. Men når eg opplever at det ikkje er opning for å snakke om trua, kan ord få lov å vera usagt. Eg kan uansett la den eg er, og det eg gjer, får lov å reflektere Kristus i livet mitt. 

n

Ord og handling må likevel ikkje setjast opp mot kvarandre. Eg skal forkynne med ord og eg skal forkynne med liv. Begge deler er viktig, og det må vere samsvar mellom det som eg forkynner og det som eg lever. 

n

Gud er mektig til å la sitt lys skine i meg på ein slik måte at andre kan få ein smak av evangeliet gjennom både ord og liv. Det nye livet i Kristus er eit synleg liv. Det kan ikkje skjulast. Gud fyller meg nemleg med Kristi gode ange, salvar meg med olje, set sitt segl på meg og gir meg den Heilage Ande. 

n

”Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.” (2. Kor. 1, 21 – 22) Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus, og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. For vi er Kristi gode ange…” (2. Kor. 2, 14 – 15)

n

God helg!

n

Arve Reigstad

n

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *