Veke 6

Det er vinter

n

Det er vinter. Dagane er mørke. Kanskje opplever du dei mørke skuggesidene sterkare enn sola og lyset? Kanskje går du i dødsskuggens dal? Er livet blitt utan håp?

n

Det finst periodar i livet med tvil, kamp, gråt og smerte. Det finst dagar som er vonde. Det finst tider med meir jord enn himmel. Men det finst ikkje timar, minutt og sekund der du er overlate til deg sjølv i einsemd. Det finst ein usynleg bauta, som alltid er der, verksam tilstades i skuggelandet ditt. 

n

Når livet vert ein skugge av det som ein gong var.
Når ingen roser blømer i ditt sinn.
Lyft augo opp til himmelen, til han som er din far.
Han kviskrar til ditt hjarta, du er min!

n

To hender lyser i mørkret.
To hender som vil bæra deg når du sig i kne.
To hender, to naglemerkte hender,
skal føra deg til kvile og fred.

n

Når gjennom ville heia du heilt åleine går,
når alle stjerner sloknar på din veg.
Då strålar enn i natta ei stjerne rein og klår.
Frå dag til dag ho trufast leier deg.

n

Når frosten drep kvar spire, når angsten grip di sjel,
når båten driv omkring på opprørt hav,
då står ein kross og lyser, om Jesus han fortel.
Og om det nye livet han deg gav.
(Haldis Reigstad)

n

”Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.” (Job 35, 14)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *