Veke 7

Dei gløymde kvar dei skulle roe seg….”

n

”Eit fruktbart liv” er eit av temaa som vi jobbar med for tida. For å leve eit fruktbart liv treng vi minne kvarandre om at vi treng å kvile, ikkje berre å arbeide. Eit uttrykk som eg nettopp har lest, og stoppa opp ved, er ”å arbeide frå kvila.” Kvila kjem først, og så kan den vere eit godt utgangspunkt for arbeidet. For begge deler er viktig. Vi treng å leve livet i ein god ballanse mellom kvile og arbeid . 

n

Denne helga har eg fri. Det er ei god kjensle, og eg har tenkt å nytte helga godt. Ordet ”nytte” er eigentleg eit litt skummelt ord. Ofte betyr ordet ”å vere effektiv”, og å få gjort mykje som ein elles ikkje får gjort i travle kvardagar. Og slik kan helgar bli like travle som kvardagar…. Men kanskje skal eg kutte den eine t‑en i ”nytte”, og rett og slett berre mentalt tenkje å ”nyte”? Kanskje denne helga skulle nyt(t)ast til berre kjekke og avslappande ting? Gjere det eg har lyst til, utan å krysse av på ei eller anna ”skulle-vore-gjort-liste” eller ”burde-gjere-liste”….

n

Uansett, eg har ikkje tenkt å bruke helga til å bekymre meg over om eg får slappa nok av. Nokre kjekke gjeremål er alt planlagd. Blant anna har konemor og eg liggjande to kinobillettar, som vi har fått av borna, og dei skal omsetjast i løpet av helga. Kan ikkje huske sist eg var på kino i Bergen, så det skal bli veldig kjekt, og veldig forskjellig frå den vanlege tralten. 

n

Elles har eg lyst å minne meg sjølv om eit par godord frå Bibelen. Deler dei med deg her:

n

”Mitt folk var som bortkomne sauer; hyrdingane deira hadde ført dei vilt, på avvegar i fjella. Dei gjekk over fjell og haug og gløymde kvar dei skulle roa seg.” (Jer. 50, 6)

n

”Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud.” (Esek. 34, 15)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *