Veke 10

Betre å fly til Herren…

n

Bibelen inneheld 66 bøker med til saman 1188 kapittel. Salme 118 er i midten, og vers 8 er ei lita perle av ein sentrumskjerne: ”Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til menneske.”

n

Dette verset seier litt om kven Gud er. Det fortel noko om kva verdiar og kvalitetar eg kan vente meg å finne hos han. 

n

Gud er å rekne med. Han gir hjelp. Han stiller opp, uansett kva som er problemet. Han veit råd, midt i mi eiga rådløyse. Han er tilgjengelig og alltid oppmerksamt nærverande. Han spør ikkje etter ”kven som har skylda”, eller kva dumme ting eg har rota meg bort i. 

n

Eg hugsar ein episode frå heimstaden min. Der var det ein av gutane i gata som stal ein sykkel, og då han fekk ein rasande eigar på nakken, ”flaug” han til lensmannen for å be om vern og hjelp. Vi kan smile og le litt av det, men samtidig er lensmannen her eit godt bilde på korleis Gud er. Eg kan uansett komme til Gud. Han tar i mot meg og gir meg sitt vern, stiller stormar og hjelper i vanskelege saker og situasjonar.

n

Salme 118 startar og sluttar med eitt og same verset: ”Pris Herren, for han er god. Evig varer hans miskunn.” Dette verset rammer inn salmen og gir meg eit rett gudsbilde. Gud er god. Han er miskunnsam. Han møter meg med kjærleik utan grenser. Eg kan samanlikne han med kven eg vil, eller fly til kven som helst og kvar eg vil her i verda. Det er uansett alltid betre å fly til Herren.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *