Veke 13

Han fyller ditt liv med det som godt er….

n

Vi fyller dagane med innhald. Alt mulig skal få plass i løpet av ein dag. Av og til går mykje av plassen med til jobb og virke. Men mellom arbeid og kvile får også mange andre ting plass i kvardagen. Små ærend her og der, litt handel og innkjøp, litt vasking, rydding og vedlikehald, følgje opp born og avtaler med skule og fritidsaktivitetar, m.m. Alt dette kan vere vel og bra, og godt og rett.

n

Men gløym ikkje å fylle på med litt ekstra godt i løpet av kvardagane. Små kosestunder med avslappande innhald kan gjere dagane til meir enn eit hektisk orienteringsløp med postar som skal stemplast inn. Ein kaffikopp (eller te:-) og ein sjokoladebit (mørk sjokolade er til og med sunt…) saman med kollegaer, vener eller familie set ein spiss på dagen. Gløym heller ikkje å gi mat til barnet i deg, og la leiken og draumane få ha sin plass. Glede og latter har helsebringande effekt. Vi treng meir av dette i vår tid.

n

Ordet for denne helga handlar om ein Far som unner sine born gode ting. Salme 103 taler om Guds velgjerningar, og at vi aldri må gløyme å sjå etter spor av Guds godleik i liva våre. Heile salmen er ein hyllest til han som fyller mennesket sin kvardag med gode ting. Les gjerne heile salmen, og mediter litt på innhaldet i løpet av helga. Det kan gjere godt i sjel og sinn.

n

”Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje alle hans velgjerningar!” (v. 2)
”Han kronar deg med godleik og miskunn. Han fyller ditt liv med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna!” (v. 4 og 5)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *