Veke 17

Det spirer og gror.

n

Det er vår ute, og naturen vaknar til liv. Det spirer og gror frå svart jord. Knoppar sprett på trea, og fuglane syng dei vakraste tonar frå hagebuskar og tretoppar.

n

Påska markerer starten på det nye livet. Vi feira Jesu oppstode forige helg. Påskedag er starten på den kristne vårtida. Nytt liv står opp frå dauden. Jesus er oppstoda og livet. I han får vi nytt liv og i han lever håpet om evig liv og oppstode frå dauden for alle som trur på han. 

n

1. påskedag kan lett bli ein “happening.” Og så fell vi tilbake til den faste tralten. 1. påskedag skulle vere starten på ein kontinuerleg feiring av det nye livet og sigeren over døden. Vi kan feire 1. påskedag kvar dag. Slepp gleda laus! Det er vår! Gled deg i Herren. Han er oppstanden og Han lever i dag!

n

“Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.”

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *