Veke 18

”Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.”
(Joh. åp. 3, 8)

n

Gud veit om…. Både det vi lukkast og misslukkast med. Det vi er stolte av, men og det vi skjemst over. Gode resultat og manglande resultat. Gud veit om…. 

n

Og midt i dette sjølvransakande og innover fokuserte på meg sjølv lyder gudsordet: Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør. Gud har gjort. Han har ordna. Han har opna ei dør. Uavhengig av mine eigne prestasjonar, strategiar og mi meir eller mindre gode handlingskraft. Han opnar dører som ingen kan stengja. Sjå, det står ei opna dør framfor deg.

n

Det er så lett å sjå på alt som er stengt. Alt som er vanskeleg. Alle som ikkje er interessert i evangeliet. Men Gud ber meg altså i dag å sjå på det han opnar. Dei som han gjer klar for evangeliet. Dei som er interessert. Og Han vil leia meg til nokre av desse.

n

Kva er mi oppgåve? Eg kan ha mykje eller lite kraft, men eg kan uansett halde fast på sanningsordet om Guds frelse, og eg kan gi til kjenne at eg trur på Jesu namn. Eg er ikkje advokaten med alle dei fantastisk gode argumenta til å vinna ein kvar diskusjon om kristen tru. Men eg er det vitne som Gud vil bruka, i ord og gjerning, for dei menneske som Gud opnar ei dør inn til. Eg kan fortelje kven eg trur på, og kva han har gjort i livet mitt. Eg er eit vitne om sanninga.

n

Så er det Gud som kallar og lokkar på menneske. ”Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.” (Joh. åp. 3, 20)

n

Gud er vingardsmannen. Gud er bonden som sår og haustar. Gud er haustens Herre. Og eg får vere i teneste hos han, der han set framfor meg opne dører.

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *