Veke 20

Men den som drikk…

n

Sjå stort på det vesle fellesskapet, der to eller tre er samla til bibel, bøn og samtale om livet! Jesus er i slike fellesskap, og han gir oss det eine nødvendige der. 

n

Maria fekk oppleve dette, i ei stille stund ved Jesu føter, medan søstera Marta var travel med å lage til eit måltid mat. Den samaritanske kvinna fekk også erfare dette, i ei stille stund med Jesus, ved ein brønn i utkanten av byen, medan tolv læresveinar var travelt opptatt med å kjøpe mat.

n

Nødvendig, meir nødvendig og mest nødvendig. Kva er mest nødvendig? Kva mat og drikke bruker vi mest tid på? ”Arbeid ikkje for den mat og drikke som forgår, men for den mat og drikke som varer og gjev evig liv. Eg er livsend brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta.” Ord tala av Jesus. Ord som vi lett overser og lukker øyro til. 

n

”Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.” (Joh. 4, 14)

n

Vi måler gjerne suksess i kvantitet, kor mange som er til stades i fellesskapet, i gruppene og på samlingane. Jesus måler suksess på ein annan måte: At to eller tre kjem saman for å ete og drikke av den mat som varer og gjev evig liv. 

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *