Veke 23

Pinsehelga fell alltid på den lyse årstida. Og i år er pinsa særleg lys, berre nokre få dagar unna sommarsolverv. Pinse er høgtida for Den Heilage Ande. Vi vert minna om at Anden er komen til jorda for å gjere si gjerning. 

n

Ei av Andens gjerningar er dette: Å lyse opp og vise veg for menneske som lever i mørke. Jesus sa det slik: ”Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga.”

n

Og Paulus skriv slik i eit av breva sine: ”Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.”

n

Anden lyser opp. Anden forklarer. Anden gir openberring. Og Anden er sendt ut over jorda, han tar bustad i oss, og han lever sitt liv midt iblant oss. Fantastisk pinsebodskap!

n

”Ja, du let mi lampe skina, Herre, min Gud lyser opp i mitt mørker.” (Salme 18, 29)

n

God pinsehelg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *