Kva er det kristne fellesskapet fylt av? Kva fyller vi på med av verdiar i fellesskapet? Kva er kjenneteikna på søskensamfunnet?
Vi kan sikkert finna mange ting å liste opp her, men i dag har eg lyst å nemne nokre viktige ting som Paulus skriv i eit av sine brev. Den apostoliske velsigninga er ganske kort, men den har eit svært innhald, med tre flotte ønskje for det kristne familiefellesskapet. Vi gjer vel i å grunne på dette, og leggje kraft i bøna når vi ønskjer og ber om at dette må gjelde for oss.
n
“Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik, og Den Heilage Andens samfunn vere med oss alle.” (2. Kor. 13, 13)
n
God helg!
n
n