Veke 34

For så rik er Guds nåde…

n

Les første kapittel i brevet til Efesarane, og bli glad! Her finn du sanninga om tilstanden din i Kristus. Du er elska av Gud. Gud er for deg. Ikkje på grunn av di eiga forteneste. Det handlar om Guds frelsesplan for deg, ein plan som vart til lenge før du vart fødd. Guds nåde er som ein kile, slått inn mellom deg og dine synder. Nåden i Kristus separerer deg frå synda di. Du står for Guds andlet, heilag og utan feil. Ein vunnen fridom som aldri kan bli tatt frå deg. Ta det til deg, og ver glad!

n

God helg!n

“Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.

n

I Kristus valde han oss ut
før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil.

n

I kjærleik
og etter sin eigen gode vilje
avgjorde han på førehand
at vi skulle få rett til å vera
hans born ved Jesus Kristus,

n

til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
som han så rikeleg gav oss
i han som han elskar så høgt.

n

I han har vi fridomen,
kjøpt med hans blod,
tilgjeving for syndene.
For så rik er Guds nåde.” 

n

(Ef. 1, 3 – 7)

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *