Veke 35

”Sjå, eg skaper noko nytt.”

n

Ein ny haust er i emning. Overgangen mellom årstider kjem smygande, med gradvise små endringar i naturen frå dag til dag. Sommaren er fortid. Ei fortid med stadig aukande oppsamla bagasje av minner og livserfaring. 

n

Det er lett å bli hengande ved fortida. Enten i gode kjensler av livslukke og optimisme. Eller i litt melankolsk ”alt var betre før – nostalgi.” Eller meir depressivt,  i negative tankar over alt som vart feil, med eit surt beger av oppsamla smerte og såra kjensler.  Eller rett og slett håpløyse og ei kjensle av at livet har stansa opp.

n

Det gode ved fortida – men også ofte det vonde – er at den ikkje kan gjerast om. Den kan ikkje endrast. Det som har skjedd har skjedd, enten det kjennes godt eller vondt. Det som er gjort kan ikkje gjerast ugjort, sjølv om ein så gjerne skulle ha endra på ting som ikkje vart heilt som ein ønskte og drøymde om.  Og ikkje minst der livet er lagt i grus og ruiner.

n

Vi har bak oss ein sommar med mykje personleg og nasjonal smerte over heile landet vårt. Det er lett å bli pessimist. Det er lett å bli motlaus. Og det er lett å bli hangande fast ved det vonde.  Men midt i det vonde og vanskelege står Gud med begge beina planta i menneskeskapt gjørme. Stille og kviskrande kan ein høyra det umulige. Det utrulege. ”Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei.” (Jes. 43, 19) n

Overgangen mellom årstider kan i dag stå som symbol på overgangen mellom det håplause og det håpefulle. Midt i at noko verdifullt visnar og døyr, kan noko nytt gro fram, til nytt liv, framtid og håp. 

n

God helg! 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *