Ny kraft.
n
I desse dagar er den nye bibeloversetjinga kome for sal. No kan vi lese både Det nye og Det gamle testamentet i ny språkdrakt. Truleg vil mange bruke høve til å fornye seg, og kanskje kan dette gi ny inspirasjon til ei dagleg andaktstund over ein open bibel.
n
Uansett ny eller gammal bibel, så har bibelen som bok alltid vore ein bestseljar. Og sjølv om det finst ulike omsetjingar og litt ulike nyansar i språkbruken må vi alltid ha dette for auga: Bibelen er Guds ord. Og Guds ord har ei dynamisk kraft i seg til å skape og fornye. Guds ord er levande vatn og kraftfull føde for menneske.
n
Gud møter oss menneske på ulikt vis når vi les ordet hans. For i Guds ord møter vi Gud sjølv. Han er til stades i Ordet, og han gir oss mellom anna nye krefter. Profeten Jesaja taler om dette. ”Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke.” (Jes. 40, 29)
n
God helg!
n
n
n