Veke 43

Glede og fred.
n

Er ditt liv fylt av uro? Prega av ei stressande tid? Du strever med så mange problem, og prøver leggje ned all di flid. Det blir mykje stress og eit forferdeleg kav, for du må jo leva opp til dei mange krav….

n

Slik startar ein av songane som eg skreiv i 1990, i ein periode av livet då eg kjende ”trøkket” frå mange kantar på ein gong. Vi var nyetablert i vårt første sjølveigande hus, i to aktive jobbar, med tre små born i heimen, og i ei reisande song- og musikkteneste i helgane. Og midt i dette vart vi råka av alvorleg sjukdom. Det vart vanskeleg å få livet til å hengja saman. Ja, det kjentest som om alt rakna, og livet var i fritt fall. 

n

Forunderlege Gud: Midt i stormen og i det totale kaoset som oppstod, vart vi fylte av djup glede og fred. Den dag i dag kan eg ikkje forstå det, men eg veit det vart røyndom, for eg opplevde det og levde i det. Guds glede og fred om overgår all forstand. 

n

Dette minner oss om at det ikkje alltid er ytre harmoniske forhold som er avgjerande for å erfare den djupe kjensle av glede og fred. For meg var det avgjerande å vite og kjenne at Gud var nær meg, eg stolte på Han, og Han fylte meg med glede og indre fred. 

n

Paulus hadde nok den same erfaring då han sat i fengsel og opplevde forfølging og ytre harde forhold i livet. Glede og fred er stikkord når vi les brevet hans til Filipparane. 

n

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. (Fil. 4, 4 – 7)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *