Veke 45

Kven er Jesus? 

n

Mange har stilt dette spørsmålet opp gjennom tidene. Jesus stilte sjølv dette spørsmålet til læresveinane sine. ”Kven seier folk at Menneskesonen er?” 

n

Peter gir oss eit svært presist svar: ”Du er Messias, den levande Guds son.” (Matt. 16, 16) Jesus var fødd av Gud. Ja, han var og er sann Gud. ”Eg og Far er eitt,” seier han om seg sjølv. ”Eg er,” seier Jesus, og bruker ei litt mystisk formulering om seg sjølv, som jødane brukte for å snakke om Gud, utan å misbruke namnet hans. 

n

I evangeliet etter Johannes finn vi ei rekkje med slike ”eg er ”– utsegn. 

n

”Eg er livsens brød.”

n

”Eg er lyset i verda.”

n

”Eg er porten.”

n

”Eg er den gode gjetaren.”

n

”Eg er vegen, sanninga og livet.”

n

”Eg er det sanne vintreet.”n

Kven er Jesus – for deg?

n

Jesus ber oss ta stilling til kven han er. Han utfordrar oss, og ber oss rekne med han som noko utanom det vanlege. Han kjem med svært store ord om seg sjølv. Ingen andre i historia har uttalt så store ord om seg sjølv. Ja, orda er så store at han eigentleg berre gir oss to val. Enten var han mentalt forstyrra, eller så var han den han sa han var; GUD. 

n

Når vi les forteljingane om Jesus, får vi eit bilete av ein mann som var alt anna enn mentalt forstyrra. Han gjekk rundt og gjorde vel mot alle, og han utviste stort leiarskap, uvanleg høg kunnskap og dømmekraft. Og han hadde heilt uvanlege evner til å lækja folk og setja folk i fridom frå vondskap. Kva skal vi tru? Svaret gir seg sjølv, tenkjer eg: Han var og er Messias, den levande Guds son. Han er Gud. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *