Veke 47

Møt han med lovsong!
n

Advent. Tida då alle har det travelt. Tida då så mykje skal gjerast og førebuast. Tida då vi ventar på jul. Tida då vi gjer oss klar til å ta imot verda sin frelsar, Jesus Kristus. 

n

Møt han med lovsong. La songen få følgje deg gjennom denne adventstida. La dagane bli fylde med glad song og musikk. La tilbeding og takk vere grunntonen for advent. Utvid rammene, og la takken for livet vere inngangsdør til høgtida.

n

Gjer døri høg, gjer porten vid! Sjå Kristus, kongen til deg rid! Han råder over alle land. Og er all heimsens Frelsarmann.

n

Rettferdig kjem han til deg ned. Og byd deg sæle, liv og fred. Stillferdig kjem han, utan krav. Og miskunn er hans kongestav.

n

Han ropar ut eit nådens år. Vår naud ved han ein ende får. Og difor røyster utan tal, med lovsong honom møta skal.

n

Jesus er i anmarsj. Møt han med lovsong!

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *