Veke 1

Godt nytt år!

n

2012 er i gang. Vi håpar på at det blir eit velsigna godt år. Kanskje vil Herren gjera nye ting i oss? Kanskje skal vi merka hans nærver sterkare og tydelegare enn før? Kanskje vil ny frukt berast fram dette året? Vi ber om og håpar på at Gud skal vera merkbart tilstades og nær oss i det nye året. 

n

Trekanten, som vi så ofte bruker som symbol, handlar om retning og fokus. Innover, utover og oppover. Vi har prøvd ei tid å fokusere på å vere eit utovervend fellesskap. Vi har oppfordra til å gjere godt for dei menneska vi møter i kvardagen vår. Vi vil fortsetje å utfordre kvarandre til å leve eit aktivt liv utover mot dei menneska som vi møter gjennom naboskap, jobbfellesskap, venskap og familie. 

n

Vi ønskjer likevel denne våren å setje fokus på retninga oppover. På forholdet vårt til Gud. Det vil vi gjere i undervisning på storsamlingar og i samtaler, bibellesing og bøn i gruppene. Gud har mykje meir å gi. Han vil utruste oss og fylle oss med kraft til å leve eit sigrande kristenliv. Han vil fullføre sitt verk og sin plan i kvar einskild av oss. 

n

Det er mange som bruker tid på å trene kroppen reint fysisk. Det tar tid å komme i betre form, og det tar tid å styrkje musklane. Det forstår vi alle, og dei som prøver å trene regelmessig over tid, vil merke framgang og få resultat. Vi kan trene åndeleg styrke også. Gud har gitt oss treningsmanualar, i Bibelen kalla åndelege våpen, som vi skal bruke. ”Bli sterke i Herren og i hans veldige kraft,” står det i Efesarbrevet. Dette vil vi ta på alvor og søkje inn i denne våren. Bli med på treningsdugnad for ny åndeleg styrke i kristenlivet! 

n

Velsigna godt nytt år!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *