Veke 3

Ved kjelda.

n

Ein av songane som familien Garnes Reigstad song mykje på konsertar, handlar om at det er opp til oss menneske å rydde plass i livet for livssamfunn med Den Heilage Ande. Anden trengjer seg ikkje på. Vi må sjølv prioritere stilla, med Bibel og bøn, og aktivt lytte til kva Anden kviskrar i vårt indre. For Han er nær oss kvar dag, og gir oss kraft til å leve Kristuslivet. Men vi treng å gi han tid og rom. 

n

Gjev rom for Den Heilage Ande, drikk dagleg av kjelda Guds ord.
La ingen få hindra hans plan med ditt liv den tida du er her på jord.

n

Ta tid til å vera åleine med Jesus, han viser deg veg
Du finn han ved kjelda som aldri vert tom, der sit han og ventar på deg.

n

Han fyller ditt liv med sin kjærleik, med kraft til å tena, med fred.
Så la ikkje noko få hindra deg då men set deg hjå frelsaren ned.

n

Der får du det levande vatnet, hjå Herren får sjela di mot.
Det treet skal bløma til æveleg tid som inne ved kjelda sler rot.

n

(Haldis Reigstad)

n

“Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.” (Ef. 3, 16)

n

“Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir
enn alt det vi bed om og skjønar.” (Ef. 3, 20)

n

God helg!
n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *