Veke 4

Eit sigrande kristenliv

n

Eg hadde ein fantastisk fin skitur på fjellet sist søndag. Djup, ny puddersnø. Rein og kvit. Kunne spora skia dit eg ville. Kjenne på at teknikken og ballansen var på plass. Heilt til eg måtte over ende, og lagde skikkeleg grop i snøen. Ikkje lett å komme seg opp av djup nysnø. Til meir ein kavar, til djupare sekk ein ned. Men etter litt kaving og masing var eg på beina att. Bak meg var det fine spor, og eit stygt krater av ei grop, som tydeleg fortalde kva som var hendt. Men framfor meg var naturen urørt, og eg kunne fortsetja å forme fine spor i snøen. 

n

Eit sigrande kristenliv handlar om dette: Kva gjer eg med falla mine? Spørsmålet er ikkje om eg fell, men om eg vert liggjande, eller reiser meg og går vidare. Alle har synd, og ingen klarer å leve eit feilfritt og perfekt liv. Nøkkelen til seier er å reise seg etter eit fall. Jesus veit at det ligg til vår menneskelege natur å falle. Difor ber han om å få vaske våre føter. Reinse oss. Og så oppfordrar han oss til å gå vidare. Sjå framover. Det er eit aktivt val. La deg ikkje fordømme. La ikkje skuldkjensle lamme deg og gjere deg passiv. 

n

”Gled deg ikkje over meg, min fiende! For om eg fell, skal eg reisa meg att. Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.” (Mika 7, 8)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *