Veke 8

Tankar om faste…
n

I likninga om Såmannen seier Jesus at bekymring for dette livet kan skape problem for Guds ord å slå rot i oss. Vi lever i eit overflodsamfunn, og vi har alt vi treng. Men mange kjenner likevel på at det er noko som manglar. Livet er ikkje modent før den åndelege realiteten har fått vakse seg sterk i oss. Og då må vi kanskje starte med eit dagleg, lite oppgjer med prioriteringane våre, forbruket vårt og suta for alt vi eig?

n

Jesus møtte ein gong ein rik ung mann. Mannen ville gjerne vite kva han kunne gjere for å arva evig liv. I samtalen med mannen sette Jesus fingeren på kva som kunne verte ei hindring for mannen for å nå fram til evig liv. Problemet var jordisk rikdom.  Jesus foreslo for mannen å bytta ut sin jordiske skatt med ein skatt i himmelen. Men det vart ei litt for tøff utfordring. 

n

Jordisk gods og gull har alltid vore ein arg konkurrent til arvesølvet i himmelen. Og den kortsiktige materielle rikdommen har så lett for å få ein dominerande plass i liva våre. Det blir gjerne med sorg i sinnet at vi må vedgå at ”tinga” har fått makt over oss. Her har vi ei stor utfordring, men og ei positiv utfordring. For det er når ein startar med å gi frå seg, at sorga kan avløysast med gleda. Denne prosessen kan eigentleg ikkje forklarast, den må erfarast. Og det skader ikkje å prøve, for mange kan vitne om at dette vart ein nøkkel til eit nytt liv i fridom, glede og åndeleg vekst. 

n

Denne veka gjekk vi inn i fastetida. Kva betyr faste for oss? Kanskje kan vi utvida rammene litt i denne fastetida med å gi meir til andre enn vi det kjøper til oss sjølv? 

n

La oss uansett ta tid til å grunne på desse viktige og utfordrande orda frå evangeliet:

n

Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.» Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» «Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på. Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.» (Luk. 18, 18 – 27)

n

Lukke til med fastetida, og

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *