Veke 11

Kva kan eg gjere for deg?

n

I to veker har eg vore på Filippinane. Her har eg møtt mange ulike menneske, i forskjellige livssituasjonar. I dag vil eg fortelje om ein av dei eg møtte. 

n

Køen var lang. Menneske som venta på å få behandling hos tannlegen. Behandlinga består i å bli kvitt tannverken. Det gjer ein ved å trekkje tenner. Det var lett å få auga på han. Han hadde berre ei tann. Ei lang, synleg tann i overmunnen. Han var med i songen, og han høyrde godt etter på forkynninga av evangeliet. Etterpå kom han bort til meg. ”Kva kan eg gjere for deg? spurde eg. ”Kan du be for meg? Eg er så redd,” sa mannen.  Eg forstod ikkje heilt at han kunne ha så mykje smerte i munnen, med berre ei tann, men eg skjøna at han var redd for tannlegen. ”Ja, klart vi kan be,” sa eg. Så ba vi. Han såg på meg, takka og gjekk inn til tannlegen. 

n

Seinare på dagen spurde eg tannlegen korleis det hadde gått med mannen med den eine tanna. ”Måtte han trekkje tanna?” ville eg vite. Ja, han måtte trekkje, ikkje berre den eine tanna som eg hadde sett, men også sju andre ròtne stumpar, som berre var til plage for han. Ikkje rart at han hadde smerte. Og ikkje rart at han var redd. Men tannlegen fann røtene til det vonde, og fekk fjerna problema. 

n

Kva vil du eg skal gjera for deg?, spurde Jesus ein gong ein blind mann som han møtte. Mannen var frimodig, og ba Jesus om å få synet. Jesus hjelpte mannen, og han blei ein etterfølgjar av Jesus, med både tru, syn og frelse som gåve. 

n

Då sa Jesus til han: ”Gå du! Trua di har frelst deg.” Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen. (Mark. 10, 52)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *