Veke 16

Nåde som skjoldn

n

Det er mange som i dag er prega av den vonde rettsaka som begynte i Oslo denne veka. Vi kjenner på avmakt og smerte over alt dette vonde og vanskelege som vi igjen står ansikt til ansikt med.

n

 

n

 

n

Tema på storsamlinga på søndag er “Guds fulle rustning.” Det handlar ikkje om skytevåpen og fysisk krigføring, men om åndelege forsvarsvåpen i kampen mot vondskapen. 

n

 

n

 

n

I møte med kald og kynisk vondskap, treng vi å skape varme fellesskap, der vi finn ny styrke til kvardagen, og mot til frimodig å gå videre i livet med oppmuntring og glede i hjarto.n

n

Her er eit bibelord å ta med  seg mot helg: 

n

 

n

 

n

 “Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg, alltid skal dei jubla. Du vernar dei. Dei frydar seg i deg, dei som elskar ditt namn. For du Herre, velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold.” (Salme 5, 12 – 13)

n

 

n

 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *