Veke 18

Med evig kjærleik

n

Det er herleg når våren gjer sitt inntog, og kulden gradvis slepper takket. Lyset, sola og varmen er alltid kjærkomne og etterlengta vener her i Norge. Og her vest i landet er lengten etter solvarmen ekstra sterk, etter månader med vått, grått og “gufse” ver. 

n

Med sola og varmen vaknar også naturen til liv. Det spirer og gror, og fargane vert sterke og klare. Tida minner meg om Guds nåde. Om Guds kjærleik. Om alt som vert fornya og om livet som har overvunne døden. 

n

“Endå ein gong skal eg byggja deg,” er Guds ord til profeten Jeremia. Våren minner oss om dette. Og Jeremia proklamerer også ein kjærleiksbodskap frå Gud til oss i denne byggjeprosessen: “Med evig kjærleik har eg elska deg, difor let eg mi miskunn mot deg vara ved.” (Jer. 31, 3)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *