Veke 19

n

Gløym ikkje å vera gjestfrie

n

Det skal så lite til. Å invitere på eit måltid. Å by på god mat og drikke. Å servere frå heimelaga gryter, med særpreg frå eige kjøkken. Dele med fleire, og kjenne gleda over å ha nye folk i huset og gjester til bords.

n

Det kostar så lite, men betyr så mykje. Både for deg sjølv, men også for gjestane. Det kostar kanskje nokre ekstra kroner på butikken, men ikkje meir enn ein fint kan tåle. Og neste gang er det kanskje du som er gjesten, og sparer heile middagskostnaden?

n

Våg å vere litt dristig. Inviter nokre nye gjester denne våren og denne sommaren. Gå litt utanfor det tradisjonelle, og prøv litt vågale val. Det treng ikkje vere den eller dei som deler alle dine politiske og religiøse standpunkt. Men det er kanskje ein eller fleire som du deler møtepunkt med i kvardagen din? Gjennom aktivitetar. På jobben, på trening, på sidelinja på fotballbanen, i barnehagen eller på skulen. Der du er i livet og i kvardagen din.

n

Det skal så lite til. Å glede andre. Å forfriske. Å overraske både seg sjølv og andre. Ete og drikke må alle gjere, enten ein har tid eller ikkje. Kvifor ikkje gjere det med fleire? Skape nye måltidskulturar. Opna heimen, fylle grytene og bruke fleire av stolane rundt bordet. Og før du veit ordet av det har du skapt rammene for det, og hamna midt opp i det; eit misjonalt fellesskap….

n

”Hald syskenkjærleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.” (Hebr. 13, 1 – 2) 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *