Veke 20

n

Er vårregn bra?

n


n

Varmen let venta på seg. Og det same gjeld sola. Den er stort sett godt gøymd bakom høge og låge skyer. Skyer som slepper på innhaldet sitt. Slepper det ned akkurat der eg bur. Kunne dei ikkje ha venta litt, og halde på vatnet til dei kom litt lenger aust?

n


n

Kjære Gud, lat vetter for vårsol røma!

n


n

Det finnes stader på jorda der dei ber motsatt: Kjære Gud, lat skyer og regn skygga for sola, så vatnet kan veita jorda. 

n


n

Vi treng begge deler. Både sol og vatn. Vi får mest vatn. Men lat oss ta med løftene om at Gud kjem like sikkert som vatnet kjem. Det skulle gjera oss her vest sterke i trua. 

n


n

“Lat oss læra å kjenna Herren,
ja, jaga etter å kjenna han!
Han kjem like visst

n

som ljoset om morgonen.

n

Han kjem til oss som regnet,


lik vårregn som væter jorda.”


(Hosea 6, 3)



n

n

Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma!

n

Lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma!


Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma!



Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.


Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja.

n

God 17. mai! God Kristi himmelfartsdag!

n

Og god helg!

n



n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *