Veke 21

Frå kraftlaus til kraftfull

n

Overgangen var enorm. Frå kraftlause og handlingslamma til kraftfulle og målretta disiplar. På ein dag var endringa total. Dagen er pinsedag, og endringsskaparen  heiter Den Heilage Ande. 

n

Jesus hadde lova å senda Talsmannen, Den Heilage Ande. Og meldinga var tydeleg og klar. Hald dykk i ro til de har fått Anden. Ikkje gjer noko utan å vere fylt av Anden. 

n

Slik er det i dag og. Vi treng Den Heilage Ande når evangeliet skal forkynnast. Vi treng Den Heilage Ande for å sjå menneske slik Jesus ser dei. Vi treng Den Heilage Ande i møte med kvarandre. Vi treng Den Heilage Ande, meir enn noko anna. 

n

Vi har utvikla enorme behov. Vi har blitt forbrukarar i  verdsklasse. Vi treng meir og meir og meir og meir for å fylle alle våre fysiske og sjelelige behov. Men har vi gløymd det mest nødvendige behovet i livet: Åndskraft og påfyll av Den Heilage Ande?

n

”Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot. Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. Lever vi ved Anden, så lat oss og vandra i Anden.”  (Gal. 5, 22 – 25)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *