Veke 24

n

Ta vare på ….

n

Eg las ein tankevekkjande kommentar i Aftenbladet her om dagen. ”Pengene eller livet,” var overskrifta. ”Materialismen tar frihet frå oss ved å stele tid og krefter. Vi bruker store deler av livet til å tjene penger, kjøpe og selge ting, vedlikeholde ting, vokte ting. Vi får verken kroppsfred eller sjelefred av å danse rundt gullkalven. Helsen, trivselen, tryggheten, gleden blir ikke bedre av mange penger og ting.” (Per Fugelli)



Ta vare på dei rette tinga. Ta vare på fridomen. Ta vare på relasjonane; til vener, til familie, foreldre, søsken, ektefelle og born. Ta vare på fellesskapet, med kvarandre og med Gud. Ta vare på tida, ja kjøp den laglege tida. Bruk den dyrebare tida godt, står det i Kolossarane 4, 5. 

n

Ta vare på livet. Ta vare på kjærleiken. Til Gud og til menneske. Til deg sjølv! Kjærleiken er ei hjartesak. ”Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.” (Ordt. 4, 23)

n

God helg! Og velsigna god sommar! Ta vare på livet! J

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *