Veke 32

n

Veke 32

n

Fikk så lyst å sende litt solskinn….

n

Vi treng alle å få litt sol og lys på kroppen. Sommaren er høgsesong for det. Vi får ny energi og nytt overskot til å møte hausten. Eg har eit kort liggjande godt synleg på kontoret mitt. ”Fikk så lyst å sende litt solskinn,” står det på det. Og når eg les det personlege innhaldet i kortet frå avsendaren, blir eg varm i hjarta og lys i sinnet. 

n

Vi kan spreie sol og varme til andre. Gjennom milde,  gode ord, handlingar, omtanke og omsorg for andre. Det skal ofte så lite til for å skape lys og varme. Eit ope smil og nokre velmeinande  ord kan gjere utruleg godt. 

n

Forkynnaren talar mykje om ”alt som hender under sola.” Her er nokre visdomsord å tenkje på:

n

”Ver ikkje for snar til å bli sint, for harmen bur i bringa på dårar.” (Fork. 7, 9)



”Visdomen lyser opp andletet til mennesket så det strenge draget mildnast.” (Fork. 8, 1)

n

”Kast ditt brød på vatnet, for med tida skal du finne det att. Del det du har….” (Fork. 11, 1 – 2) 

n

”Lyset gjer godt, det er ein fryd for auget å sjå sola.” (Fork. 11, 7)

n

”Fikk så lyst å sende litt solskinn.” Ta lyset og sola med deg inn i hausten. La lyset prege deg. La sola varme oss. Vi kan lyse opp for kvarandre, sjølv om dagane skulle bli mørke og tunge.

n

 

God helg!

n

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *