Notice: Function _load_textdomain_just_in_time was called incorrectly. Translation loading for the wp-migrate-db domain was triggered too early. This is usually an indicator for some code in the plugin or theme running too early. Translations should be loaded at the init action or later. Please see Debugging in WordPress for more information. (This message was added in version 6.7.0.) in /sites/fxm.no/files/wp-includes/functions.php on line 6121
Veke 38 - Norkirken Nordhordland

Veke 38

Tiltrekningskraft.

n

Jesus hadde ei særleg tiltrekningskraft på andre menneske. Han var tiltrekkjande, og han samla alltid mykje folk rundt seg, kvar han kom. Det skjedde ting rundt Jesus. Vi kan med rette sei at han fekk ting til å skje. Det var alltid spennande å vera saman med han.

n

Men det var ikkje berre alle spennande ting som skjedde som gjorde at folk samla seg rundt Jesus. Han viste ekte varm kjærleik og interesse for folk. Han var inkluderande, og han fekk folk til å kjenne seg elska og sett. Og folk fekk ein ny sjanse i møte med han. Han var raus med tilgiving og nåde. Det fekk mange oppleva, blant anna kvinna som vart gripen i ekteskapsbrot. 

n

Og så var det alltid spennande å høyra på Jesu forkynning og undervisning. Orda hans greip folk. Det han sa skapte undring og forventning. 

n

Det flotte er at vi har tilgang til undervisninga hans i dag også. Gjennom evangelia kan vi lesa om alt han gjorde, og undra oss over – og læra av – undervisninga hans. Jesus er  den same i dag, som den han var for 2000 år sidan. Ein tidleg morgon  i Jerusalem, kom Jesus til tempelplassen, sette seg ned, og folket samla seg rundt han. Og der, midt blant folket, forkynte han evangeliet om Guds nåde, kjærleik, tilgiving og frelse. Akkurat slik vi kan lese om det i Johannes evangelium kapittel 8.

n

”Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. (Joh. 8, 2)

n

God helg!

n