Veke 39

Korleis takle frykt?

n

Frykt kan vere lammande for livet. Uro og redsel for ting som kanskje kan skje, kan vere meir og mindre til plage i kvardagen. Her er vi ulike. Og vi taklar frykt for framtida ulikt. Slik har det vel alltid vore, men dei fleste menneske kan nok i gitte situasjonar kjenne på uro og frykt.

n

Bibelen tar denne sida av menneskenaturen på alvor. I Guds ord finn vi mange bibelvers retta til menneske som er plaga av uro og frykt, ord som gir bekymra tankar kvile og ro. Eit av desse orda finn vi hos profeten Jesaja. Dette ordet har gitt meg fred i tanken, og stilna uro i sinnet mange gangar, og slik lyder det:

Frykt ikkje, for eg er med deg,
ver ikkje redd, for eg er din Gud!
Eg gjer deg sterk og hjelper deg
og held deg oppe
med mi rettferds høgre hand.

n

(Jes. 41, 10)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *