Veke 45

Det er løgn at Gud ikkje høyrer,
at Den veldige ikkje ser.
Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
ser han di sak, og du må venta på han.
n

(Job 35, 13 – 14) 

n

Det er ikkje alltid at vi får svar. Vi føler oss oversett og gløymde. Det er heller ikkje alltid at vi kjem gjennom med våre spørsmål. Vi når ikkje fram til mottakar. Opptatt! Einvegskommunikasjon kan vere både frustrerande og fortvilande.

n

Somme gonger opplever vi det slik, også i forholdet til Gud.  Er det nokon som høyrer? Er det nokon som ser? Har eg nådd fram med bøna mi? Er du opptatt med viktigare ting, Gud? Har du tid til meg?

n

Job opplevde seg forlaten og gløymd av Gud. Han gjennomlevde mange år med ekstrem motgang. I venteperioden, i ei tid der Gud berre opplevdes langt borte, vart vener til hjelp i sorg og naud. Ikkje det at dei alltid hadde alle dei gode svara. Tvert imot. Nokre ord vart rette, men nokre ord vart også veldig feile. Men dei var der hos han, tilstades med han. Gret med han, i sorg og pine. Sat stille saman med han og venta. Håpa med han. Leita med han. Dei redda han frå å bukke under. Hjelpte han til ikkje å gi opp. Hjelpte han til å klamra seg til håpet og livet, heilt til Gud kom og vende lagnaden hans. 

n

Opplever du motgang i livet? Sjå rundt deg. Ser du dei? Menneske som vil hjelpe deg og bere deg. Eit fellesskap som vil løfte deg over den tunge kneika. Folk som ber. Folk som lyttar. Folk som seier fram usikre, men velmeinande ord. Og gir deg Guds ord. Folk som ikkje veit kva godt dei kan gjere for deg. Men dei ønskjer…. Og dei vil så gjerne. 

n

Slepp dei til! La dei få vere der for deg i dag. 

n

Det er løgn at Gud ikkje høyrer og ser. Gud ser deg. Gud høyrer deg. Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.

n

God helg!

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *