Veke 47

Kan du gi litt meir?

n

”Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinne dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.” (Luk 16, 9)

n

Ein kjend song av Cornelis Vreeswijck har denne teksten:  “Du kan ingenting ta med deg dit du går. Du trenger ingen penningar når du vid porten står. Du kan ingenting ta med deg dit du går ”

n

Det er nok rett at vi ikkje treng pengar  ved inngangen til livet etter døden. Men det er likevel feil at vi ikkje kan ta med oss noko. Vi kan ta med oss menneske som vi investerer i. Vi kan bruke meir av pengane våre på arbeidet i Guds rike. 

n

Investering i barnearbeid er god bruk av pengar. Vi må gjerne  auke innsatsen av pengar for borna og dei unge. Det er lettast å nå eit menneske med evangeliet i barne- og ungdomsåra. Dei som tar imot Jesus før dei er femten år, får ofte ei berekraftig tru som varer livet ut. 

n

Vi trur Gud kallar oss til å satse enno meir på barne- og ungdomsarbeidet. Vi kan alle ta del i dette arbeidet ved å gi litt meir av pengane våre. Det er ei investering for evigheita. Desse pengane kan du få med deg dit du går. Dei kan gi fantastisk avkastning som varer, også når pengane si tid er forbi. 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *