Veke 49

Advent

n

Vi er i adventstida. Advent kjem av eit latinsk ord, ”Adventus,” og ordet tyder ”ankomst.”  I vår kristne adventstid siktar dette til Herrens kome. Vi ventar på at Herren Jesus skal kome. 

n

For mange blir advent ei tid med mange ”ting.” Det er så mykje praktisk som skal ordnast. Og til meir vi har av ting å stelle med, til travlare får vi det. I den materielt rike delen av verda har ”tinga” kome i sentrum. I den materielt fattigare delen av verda står ofte dei åndelege verdiane i sentrum. 

n

Herrens kome er ikkje eit varsel om aukande materiell levestandard og større kjøpekraft. Herrens kome står tvert imot i kontrast til akkurat dette. Men det er ein åndeleg rikdom ved Herrens kome, som formidlar den djupe åndelege gleda over at Gud er ein frelsande Gud. Han kjem med si frelse til alle menneske. 

n

Vi gjer vel i å halde vakt ved vårt eige indre skattkammer, slik at ikkje den åndelege rikdomen ved advent vert kvelt av den materielle røyndomen som vi alle så lett blir prega av. Sutene for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kan komme inn og kvele ordet, seier Jesus i ei av likningane sine. 

n

Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike, seier Jesus i møte med ein rik mann. Orda er krevjande for oss nordmenn, som er blitt godt vande med å nyta eit liv med stor materiell rikdom.  Kven kan då verta frelst? 

n

Advent. Vi ventar på han som kan frelse. Vi ventar på Frelsaren. For kvart år som eg eldast ser eg det tydelegare og tydelegare. Det er dette det handlar om; å sleppe taket i tinga, og løfte augo mot han som kjem for å frelse. Eg klarer ikkje å frelse meg sjølv. For meg er det umogeleg. Men ikkje for Gud. ”Alt er mogeleg for Gud.” (Mark. 10, 27)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *