Veke 52

n

Hald fast på vedkjenninga.

n

For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet. Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for. (Hebr. 4, 12 — 13) 

n

Ved inngangen til eit nytt år er det naturleg at vi ser tilbake på året som har gått. Dei store nyheitsredaksjonane gjer det same. Kva saker er det du husker frå 2012? Dette er spørsmålet vi får på årets siste dag.

n

Så kan vi gjere det same i våre eigne liv. Og vi finn mange gode ting som betydde mykje for oss, og så er det kanskje også noko vondt som vi helst ønskjer å gløyme. Litt skremmande at det vi vil skjule ligg ope og nake for Gud. Vi må vedkjenne oss livet, på godt og vondt.  Då blir rekneskap gjerne noko vi gruer oss for. 

n

Men det blir feil om vi stopper her, og berre einsidig peikar på vår nakne sanning framfor Gud. Vi skal vedkjenne oss livet, både det gode og det vonde i vårt eige samvit. Men det som skaper lys og håp inn i rekneskapet mitt ligg utanfor mine gode og dårlege tankar og handlingar, og mine rette og feile val. Lyset og håpet er Jesus, og derfor blir vedkjenninga av Han den store forskjellen i livet mitt. 

n

Derfor må vi halde fast på vedkjenninga, be om nåde for synder, lukke døra til det som ligg bak, og frimodig sjå inn i eit nytt år med håp og forventning. 

n

Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.(Hebr. 4, 14 — 16) 

n

Godt nytt år!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *