Veke 1

Ny kvar morgon.

n

Ved  starten av  eit år er det godt å minne kvarandre om Guds truskap. Gud forandrar seg ikkje frå år til år. Han er i går og i dag den same, og hans kjærleik til deg og meg står fast. Hans truskap er stabilt vedvarande. 

n

På same tid vert det understreka at noko er nytt ved starten av ein ny dag, og då også ved starten av eit nytt år: Guds miskunn og nåde er ny. Det er som å sjå ut på eit landskap med nysnø. Kvar dag får du stå opp til synet av rein og kvit nysnø. Ingen gamle spor å sjå. Ingen ting som er tilskitna og ingen mørke flekkar. Alt er nytt, kvitt, reint og urørt. 

n

Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.
Hans miskunn tek ikkje slutt,
ho er ny kvar morgon.
Din truskap er stor.
(Klag. 3, 22 – 23)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *