Veke 2

Kven er Jesus for deg?

n

Tenk deg at du er på tur med ei gruppe menneske til Israel. Du har reist rundt i landet, sett på historiske stader, og høyrd på alle forteljingane om under og mirakel som ein gong skjedde akkurat her. Siste dagen på turen kjem du til ein liten oase heilt nord i landet, inn under Hermon fjellet. Ein vakker dal, oliventre, ei blomstereng, høge fjell og ei elv som renn gjennom landskapet. Verkeleg ein plass til å nyte stilla i naturen. 

n

Du sit stille nede ved elva og et lunsjpakka di saman med gruppa. Du tenkjer på alle inntrykka du har møtt, alle historiene du har høyrd om Jesus, og tankane flyg. Så dukkar spørsmålet opp. Spørsmålet som ei anna gruppe ein dag fekk stilt til seg, akkurat her på denne plassen: ”Kven seier du at eg er?” 

n

Dei fleste menneske rundt oss har ei meining om Jesus. Det kan vera inntrykk frå søndagsskulen. Eller bilde dei har fått av å lesa i Bibelen om han. Mange har også sett filmar om Jesus, og nokre har til og med vore i Israel og følgd i fotspora hans. Kanskje skal vi våge å spørje kvarandre dette spørsmålet: ”Kven er Jesus for deg?”

n

Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.» (Mark. 8, 27 – 29)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *