Veke 6

Eg er med deg

n

Eit av dei bibelorda som har følgd meg i mange år handlar om at eg ikkje er åleine i livet. Og då er det ikkje kone, born, familie og vener det handlar om. 

n

Av og til kan ein kjenne seg einsam, midt i fellesskapet med andre menneske. Ja, ein del menneske føler ei indre kjensle av einsemd, midt i det sosiale livet med andre. 

n

Eg hugsar ein periode i eige liv, då eg opplevde store reelle utfordingar, og hadde mange vanskelege ting å tenkje på. Det var ikkje alltid så naturleg og lett å dele problema og tankane med andre folk som eg møtte i kvardagen. Eg følte meg rett og slett litt åleine. 

n

Men ein dag møtte eg altså dette bibelordet, og det slo inn i meg med full tyngde. Då eg kjende meg åleine, var det altså likevel ein som forstod meg og var nær meg, midt i tankeboblene og bekymringane mine.

n

Verset vart til stor glede for meg, og gav meg ny åndskraft og fred. Det  dukka også opp ei melodilinje som følgde orda i bibelverset. Eg gjekk rundt og nynna på dette verset, nær sagt både dag og natt. Dette bibelverset hjelpte meg å forstå at Gud aldri er langt borte frå meg, sjølv om kjenslene kan bera på einsemd. 

n

Dette har lært meg ei viktig lekse i livet. Uavhengig av mine skiftande kjensler; Gud er alltid nærmare enn problema og bekymringane mine. Gud er også nær meg når eg kjenner meg åleine. Han er alltid nær meg.  Og her er verset som hjelpte meg å forstå dette:

n

Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Sjå deg ikkje rådvill ikring,
for eg er din Gud!
Eg styrkjer deg og hjelper deg
og held deg oppe med mi frelsarhand.

n

(Jes. 41, 10)

n

n

God helg!

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *